AWA

Vidvinkel Stev

0
0
  • 2012.03.08
  • 3:35
AWAで聴く

歌詞

Det var ein tidleg morgon at eg gjekk i skogen inn. Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn. Eg sa:" Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?" "Eg tek snap-shots med mitt kamera!" sa ho då eg kom nær. "Det er ein merke-dag det her, mi kjære møy!" sa eg. "For eg er og ein fotograf med same mål som deg." Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand. Ho sa: "Så flott eit apparat du har, min gode mann!" Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid Så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si. "Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy..." sa eg. "Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg." Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør. Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før. Ho hadde open blendar og lang eksponeringstid. Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv. Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven! Ho hadd'kje før fått rullen ut så var ho budd igjen. Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min, - så fanga ho oss både inn med sjølutløysar'n sin. Ho sa: "Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Hasselblad. Pentax og Minolta tykte eg var nokså bra. Yashika og Olympus kunne også godt gå an. Men å knipsa med din Nikon F var topp, min gode mann!"

このページをシェア

Lillebjørn Nilsenのアルバム

17曲2006年
10曲1999年
12曲1999年
41曲1996年
17曲1995年
11曲1993年
Lillebjørn Nilsen
の他の曲も聴いてみよう
AWAで他の曲を聴く
はじめての方限定
1か月無料トライアル実施中!
登録なしですぐに聴ける
アプリでもっと快適に音楽を楽しもう
ダウンロード
フル再生
時間制限なし