AWA

Valle Auto & Bensin

0
0
  • 2006.04.24
  • 3:10
AWAで聴く

歌詞

Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal. Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin. Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald. Så eg spurde: "Vil du vere venen min?" Men ho svara at: "Eg er nok ikkje fri. Eg har ein som eg vil elske all mi tid. Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann, Som kan spele slik som berre setesdølar kan." (Og særleg om han speler "Sordølen", da: Sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!) Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler. Men du kan vel også følgje med? Eg blei svartsjuk og sa: "Eg vil'kje ha det der! Denne fela der skal jaggu halde fred!" Og så satt eg med gitaren på mitt kne. Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ... Og då helga kom så sa eg: "Snille jenta mi, No skal eg få spele danselåta di!" (Og så spelte eg "Sordølen", da: Dælælæ ... ) Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal, For ho visste ikkje kven ho ville ha. Og slik er det med ei jente som er dansegal: Ho kan like gjerne svare nei som ja. Så no sitt vi her og speler både to. Og ute der på golvet svive ho! Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin, Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ...

このページをシェア

Lillebjørn Nilsenのアルバム

17曲2006年
10曲1999年
12曲1999年
41曲1996年
17曲1995年
11曲1993年
Lillebjørn Nilsen
の他の曲も聴いてみよう
AWAで他の曲を聴く
はじめての方限定
1か月無料トライアル実施中!
登録なしですぐに聴ける
アプリでもっと快適に音楽を楽しもう
ダウンロード
フル再生
時間制限なし