Du låg skjelvande av angst på kne og svetten rant som blod Og venene du hadde med dei sov i største ro Dei svikta då du trengte dei du hadde gitt dei alt Dei valde minste motstands vei og svikta då det gjaldt Og eg har tenkt, det sko’kje eg ha gjort Eg sko’ ha kjempa saman med deg holdt rundt deg og tørka svetten bort gjort ka eg kunne for å gle’ deg Dei dømde deg te død og pine spotta deg og lo Og ein av dei du kalla dine fornekta og bedro Han svikta då du trengte han Du hadde gitt han alt Han var ein veik og vesal mann som svikta då det gjaldt Og eg har tenkt, det sko’kje eg ha gjort Eg sko’ ha kjempa saman med deg holdt rundt deg og tørka svetten bort gjort ka eg kunne for å gle’ deg Men eg vet at eg og svikte fornekte og bedrar Eg gjer’kje det eg vet eg plikte e hjertelaus og hard likasel for andres nød ofta blind for venners sorg Ka bryr det meg dei andres død Min kulde e ”så fast en borg” Likavel e du lika gla i meg tilgir meg alle feilå mine Stille tar du kappå di av deg og tar te å vaska beinå mine Kyrie eleison..